HAR DU ELDRE FOTO FRÅ FJELL?
Fjell kommune arbeider med å registrera og avfotografera (skanna) eldre fotografi - til bruk i bygdebøkene og til oppbygging av ei kommunal fotosamling.

Vi er interesserte i fotografi som viser eit rikt utval av situasjonar med tilknyting til Fjell kommune fram til ca. 1970: portrett, familiar, landskap, kvardag og høgtid - både amatørfoto og bilete som er tekne av profesjonelle fotografar. Foto eldre enn 1950 er av spesiell interesse. Det er òg viktig å kunna knyta mest mogleg informasjon om motivet til kvart enkelt bilete.

GARDS- OG SLEKTSHISTORIE
I det lokalhistoriske verket Fjell bygdebok er mange hundre bilete frå fotosamlinga trykte. Dei fleste fotografia er utlånte av innbyggjarar i Fjell og andre private. De kan lesa meir om bygdebokprosjektet her.


 
FOTOGRAFEN ARNT LARSEN
Arnt Larsen (1903-1935) frå Kolltveit var ein ivrig amatørfotograf på 1920-talet. I 2004-årgangen av årboka Havstrilen, kan de lesa om Larsen og sjå eit utval av bileta hans.

Arnt Larsen tok også fotografiet som er brukt på framsida av Havstrilen (t.v.). Her ser vi, frå venstre, syskena Kristina (f. 1917), Sofie (f. 1920), Osvald Harald (f. 1919) og Hilma Elida (f. 1916) Rasmussen. Utlån av foto: Inge Kolltveit.

Havstrilen inneheld mykje godt lesestoff om Sund, Fjell og Øygarden. Klikk her for å lesa meir om årboka.

80 ÅR GAMMAL JULEHELSING

Julekort, truleg frå 1920-talet. Det vart sendt frå Sigvald N. Algerøen (f. 1907) til Anton I. Algerøen (Lillebø) (f. 1905). Klikk på kortet for å sjå baksida. Utlån av kort: Gudveig Lillebø.
 

 

I FUGLEPERSPEKTIV
Vi har publisert mange av bileta frå kommunen si flyfotosamling frå sekstitalet. Sjå flyfoto.

 


FOLK I ARBEID
Marta Karstensdotter Hitsøy (1873-1939) ved rokken. Daglegdagse hendingar vart sjeldan festa til filmen. Kameraet kom helst fram på sundagar og ved særskilte høve. Såleis har vi ganske få bilete som viser kvardagssyslar. Vi treng difor fleire eldre fotografi av folk som spinn, vev, mjølkar, lagar mat, vaskar klede, ror, fiskar, hesjar, pløyer, tek torv, set poteter osv.
Fotoeigar: Fjell kommune.

 


 

Sist oppdatert: 06. november 2008
Hit Counter